SOFT galleri //
Norske tekstilkunstnere

Rådhusgaten 20
0151 Oslo

tlf: +47 22 33 59 82

E-postadresser:

formidling[att]softgalleri.no

Åpningstider:
Tirsdag-fredag: 12-17
Lørdag-søndag: 12-16
Mandager stengt

Galleriet er stengt i jule- og påskeferie, samt hele juli måned hvert år.
Følg oss på sosiale medier:

Facebook

Instagram

Utstillinger


Ingunn Bakke


Ingunn Bakke
Fargelag, fargelagt

24. februar - 27. mars 2011

Kunstformidler Hildegunn Guddal Svensson presenterer kunstnaren og utstillinga.

Med Fargelag, fargelagt viser galleriet nye arbeid av tekstilkunstnar Ingunn Bakke.
Bakke har alltid vore fascinert av fargekart – og ikkje berre fargane, men det grafiske oppsettet, med ordna mønster av kvadrat eller rektanglar. Men det er først nå ho lar interessen få kunstnarisk uttrykk – ein ikkje unaturleg trong, sia ho hovudsakleg har jobba med kvitfargar i mange år. Bakke er av dei første her til lands som bruker digital trykkteknikk i tekstilkunst. Det ho viser her er òg del av ei samanhengande utforsking av kva det digitale kan tilføre denne tradisjonelt handverksprega kunstgreina.

Kart gir menneske ein måte å orientere seg på, kvadratet som urform uttrykkjer ein grunnleggande orden i verden. Tittelverket på utstillinga er ein veggtekstil i stort format (2,5 x 4,4 m), digitalt trykk på silkesateng. Her har Bakke bygt ulikt utforma fargekart, lagt dei på kvarandre, og gjennom bruk av repetisjon/variasjon har ho arbeidt mot å få fargane til å fungere harmonisk. I overlappinga oppstår det på same tid tilfeldige konstellasjonar av fargar. Til utstillinga har dessutan Annabeth Kolstø designa ein kjole i dette stoffet.

Ingunn Bakke (f.1966, Heidal) bur og arbeider i Oslo. Utdanninga har ho frå Institutt for tekstil ved Statens håndverk- og kunstindustriskole. Ho har stilt ut separat m.a. på Hå gamle prestegard, Kunstbanken Hedmark Kunstsenter, Akershus Kunstsenter og Galleri Format, og vore med på ei rad gruppeutstillingar, m.a. på Museum für Kunst und Gewerbe, Hamburg, og Nasjonalmuseet/Kunstindustrimuseet, Oslo. Innkjøpt: Nasjonalmuseet/Kunstindustrimuseet i Oslo, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Vestlandske Kunstindustrimuseum.

Pressekontakt: Karianne Sand, .(JavaScript must be enabled to view this email address), 478 17 770

Ingunn Bakke Ingunn Bakke Ingunn Bakke Ingunn Bakke