SOFT galleri //
Norske tekstilkunstnere

Rådhusgaten 20
0151 Oslo

tlf: +47 22 33 59 82

E-postadresser:

formidling[att]softgalleri.no

Åpningstider:
Tirsdag-fredag: 12-17
Lørdag-søndag: 12-16
Mandager stengt

Galleriet er stengt i jule- og påskeferie, samt hele juli måned hvert år.
Følg oss på sosiale medier:

Facebook

Instagram

Utstillinger


Nina Bang Larsen


Nina Bang Larsen
Innanfor / Utanfor

22. mars - 29. april 2012

Utstillinga vert opna av kunsthistorikar og prosjektleiar i Norsk Billedhoggerforening Linda Olsen.

Me har gleda av å presentera Nina Bang Larsen si fyrste separatutstilling etter enda mastergrad ved Kunsthøgskolen i Bergen. Utstillinga Innanfor / Utanfor er ei stadsspesifikk installasjon laga for SOFT galleri. Den består av ei stor mengde skulpturar som er montert på golv, vegg og i tak. Tilskodaren vert invitert til nær kontakt med skulpturane etter som ein flyttar seg mellom dei og rundt dei og nærmast vert omslutta av dei.

Nina Bang Larsen arbeider med brukte tekstilar, møblar og andre heimlege gjenstandar i sine skulpturar. Materiala kan vera puter, kleshengarar, lamper, klede og sko, briller, gyngestolar og krakkar, stumtenar, tekannevarmar, rammer, nær sagt alt ein kan finna i ein vanleg heim, og de fleste arbeida i denne utstillinga er oppblåsbare. Utanom denne interessa for å bruka lett tilgjengelege og kvardagslege materialar, er ho oppteken av den delen av det menneskelege liv som ikkje er så synleg. Skulpturane hennar er visualiseringar av det som går føre seg inni hovuda på oss alle. Ho lar det psykiske koma til uttrykk gjennom dei fysiske materiala me omgjev oss med.

Skulpturane handlar om kjensler og tankar om det å vera innanfor og utanfor, på mange forskjellige måtar. Kvar skulptur representerer forskjellige tankar og kjensler, men kunstnaren har arbeidd for at skulpturane skal vera opne for tilskodaren sjølv å projisera eigne tankar/kjensler over på skulpturane. Arbeida hennar balanserer ein stad mellom tiltrekkande og fråstøytande, og humoren luskar alltid i kullissane, hand i hand med melankolien.

Nina Bang Larsen (1981) bur og arbeidar i Bergen. Ho har si utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen, avd. Kunstakademiet med mastergrad i 2010, samt Kunsthochschule Berlin-Weissensee. Ho har stilt ut på Vestlandsutstillingen i 2011, Sculpture by the Sea og Sculpture Inside i Århus i 2011, og ho har stilt ut både separat og i gruppe ei rekke stader medan ho var student. Nina Bang Larsen er også medlem i kunstnargruppa Camilla Bang Frantzen.

Sjå kunstnaren si webside på: www.ninabanglarsen.com

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd.

Les intervju med Nina Bang Larsen om utstillingen på Kunstforum: http://www.kunstforum.as/2012/04/humoristisk-gravalvor/

Nina Bang Larsen

Morgenbladet 23. mars 2012. Tommy Olsson anbefaler.

Nina Bang Larsen

Nina Bang Larsen. Innanfor / Utanfor

Nina Bang Larsen

Nina Bang Larsen. Innanfor / Utanfor

Nina Bang Larsen

Nina Bang Larsen. Innanfor / Utanfor

Nina Bang Larsen

Nina Bang Larsen. Innanfor / Utanfor

Nina Bang Larsen

Nina Bang Larsen. Innanfor / Utanfor